Eigedomsskatt for bustadar

Logg inn på Min side for å:      

  • sjå kor mykje du skal betale  i eigedomsskatt
  • sjå korleis eigedomsskatten blir utrekna
  • sjå fakturaen din   

                                            Logg inn

​​Kommunestyret har bestemt at Skatteetaten sitt formuesgrunnlag skal nyttast som takst på bustadar.

Det er ikkje lenger kommunen som fastset verdien på bustadar, og kommunen har ikkje lov til å endre eller påvirke skatteetaten sitt formuesgrunnlag. Vestnes kommune har heller ikkje innsyn i kva konkrete vurderingar Skatteetaten har lagt til grunn for taksten på din bustad.      

Skatteetaten nyttar P-areal for bustaden som grunnlag for si berekning.

Skattegrunnlaget for bustader og fritidsbustader vert sett til verdet multiplisert med 0,7. Det vil si at eigedomsskattetaksten blir redusert med ein obligatorisk reduksjonsfaktor på 30 % før utskriving.

Eksempel:  dersom skatteetaten sitt formuesgrunnlag/takst på bustaden er kr 1.000.000, trekker kommunen frå kr 300.000 før skatten blir berekna. Med ein skattesats på 4 promille gir det ein årleg eigedomsskatt på kr 2 800,-. (1 000 000 x 0,7 = 700 000 x 4 = 2 800)

Dersom du finn feil i taksten eller meiner at den er høgare enn marknadsverdi

Finn du feil i taksten eller meiner at taksten er høgare enn bustaden sin marknadsverdi, må du kontakte Skatteetaten (kommunen sender ut skatteseddel for eigedommen, men kan ikkje svare for taksten). 
Les meir om endring av grunnlag for berekning av eigedomsskatt på skatteetaten sine nettsider

Skatteetaten sitt formuesgrunnlag som blir nytta som bustadtakst i 2024 er lik verdien som står i skattemeldingen (sjølvmeldinga) for 2022 under  - Bustad og eigendelar - Berekna markedsverdi

Formuesgrunnlaget tilsvarar normalt fire gonger formuesverdien (tidlegare ligningsverdi).

Det er viktig at du betalar regninga for kommunale avgifter og eigedomsskatt til forfall sjølv om du har sendt endringsmelding eller klaga til Skatteetaten. Kommunen vil korrigere beløpet på ei seinare rekning dersom Skatteetaten gjer endringar i formuesgrunnlaget. 

​I enkelte tilfelle mottek ikkje kommunen bustadverdi på enkelteigendommar, og må dermed taksere desse eigedomane etter kommunal taksering.
Les meir om kommunal taksering her.  

Kontakt

Eigedomsskattekontoret
E-post
Telefon 71 18 40 00
Jon Hermann Pilskog Frantzen
Ingeniør
E-post
Telefon 90 36 44 02
Emil Balstad
Einingsleiar
E-post
Telefon 48 12 54 80
Reidun Beathe Bjølverud
Rådgjevar
E-post
Telefon 48 24 12 12
Skatteetaten

Telefon 80 08 00 00

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart