Fritidsbustadar og våningshus mm. (kommunal taksering)

Logg inn på Min side for å:      

  • sjå kor mykje du skal betale  i eigedomsskatt
  • sjå korleis eigedomsskatten blir utrekna
  • sjå fakturaen din  

                                             Logg inn

Fritidsbustadar, våningshus, garasjar, uthus og naust er taksert av kommunen. 

Kommunen føretok ei hovudtaksering av alle eigedomar i 2011/2012 med verknad frå 2012. 

Ved endring på bygning og/eller tomt kan eigedomsskattetaksten bli endra. Det er situasjonen pr 01.01. i skatteåret som er grunnlaget for taksten.

Gjeldane takstar vart kontorjustert opp med 10 % i 2022 og ytterlegare 10% i 2023, med heimel i § 8 A-4 i Eigedomsskattelova. 

Kommunestyret har i sak PS.63/22 vedteke at det skal gjennomførast ny alminneleg taksering vedk. eigedomsskatt, med nye takstar gjeldande frå 01.01.2024.

Taksering

Eigedomsskattetaksten bygger på faktaopplysningar og skjønnsmessige vurderingar. Faktaopplysningar om eigar, adresse, areal på bygningar og tomter blir henta frå offentlege register. (Hovudkilde: Matrikkelen).

I dei skjønnsmessige vurderingane blir både generelle og spesielle forhold ved eigedommen lagt til grunn.

Slik hovudregelen er ved taksering for eigedomsskatt, blir det utført ei utvendig synfaring. I tilfelle der opplysningar i offentlege eigedomsregister er mangelfulle, blir bygningar også oppmålt utvendig. I tillegg tek kommunen bilete av bygningane.

Eigedommen sin verdi dannar grunnlaget for berekning av eigedomsskatten. Taksten som blir sett skal gjenspeile ein objektiv omsetningsverdi/marknadsverdi. Kommunen skal ved eigedomsskatteutskriving redusere taksten ved å multiplisere den med 0,7 (gir 30 % reduksjon) for eigedommar med bustadbygg og fritidsbustadar. 

Nemndene

Dei formelle takstvedtaka er gjort av ei sakkyndig nemnd oppnemnt av kommunestyret. Sakkunnig ankenemnd behandlar klager som sakkunnig nemnd ikkje imøtekjem.

Skattesats

Generell skattesats vert sett til 5,0 promille. For bustad og fritidsbustad vert skattesatsen halden uendra på 4,0 promille. Skattesatsen på det særskilte skattegrunnlaget er 4,0 promille. jf. Eigedomsskattelova § 11, 1. ledd og § 13.

Det blir ikkje utskreve skatt på ein eigedom dersom skatten er under 300 kroner.

Dersom du finn feil i taksten eller meiner at den er høgare enn ein objektiv omsetningsverdi/marknadsverdi

Finn du feil i taksten anbefaler vi at du tek kontakt med kommunen sitt eigedomsskattekontor slik at vi kan vurdere om det er ein feil som kan rettast opp utan at du treng å sende ei klage. 

Dersom det er ein feil som ikkje kan rettast ved administrativ korrigering, eller du mener at taksten er høgare enn objektiv omsetningsverdi/marknadsverdi kan du sende ei klage. Dette må gjerast i tidsrommet etter at skattesetel er sendt (ca 1. mars og i 6 veker) Der kan du forklare kvifor du meiner at taksten er for høg og leggje ved relevant dokumentasjon på det.

Skjema for klage på eigedomsskattetakst - for fritidseigedomar, ubebygde tomter, næringseigendom mm. (kommunal takst).

Det er viktig at du betalar rekninga for kommunale avgifter og eigedomsskatt til forfall, sjølv om du har klaga på taksten. Kommunen vil korrigere beløpet på ei seinare faktura dersom klaga medfører endringar i taksten.

Lenker og dokument

Rammer og retningslinjer for taksering etter lov om eigedomsskatt (PDF, 264 kB)  
Eigedomsskattevedtekter (PDF, 163 kB)  
Sonekart (PDF, 332 kB)  
Definisjonar av etasjar i bygningar (PDF, 52 kB)
Eigedomsskattelova
Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova)
Sakkunnig nemnd
Sakkunnig ankenemnd    

Kontakt

Eigedomsskattekontoret
E-post
Telefon 71 18 40 00
Jon Hermann Pilskog Frantzen
Ingeniør
E-post
Telefon 90 36 44 02
Emil Balstad
Einingsleiar
E-post
Telefon 48 12 54 80
Reidun Beathe Bjølverud
Rådgjevar
E-post
Telefon 48 24 12 12

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart