Vi inviterer deg til ny innbyggardialog! Måndag 15. desember kl. 17.00–19.00 Vestnes bibliotek. Målet med innbyggardialog er å informere om viktige prosessar og skape ein god dialog mellom kommunen og deg som bur her. Temaet for denne innbyggardialogen er førebygging og tidleg innsats. Det vil også bli informert kort om budsjett for 2026 og økonomi- og handlingsplan for 2026–2029. – Budsjettvedtaket som blir gjort av kommunestyret 11. desember gir oss eit oppdrag for dei neste fire åra. Vi ønskjer å involvere innbyggarane i korleis vi tenkjer å løyse desse oppgåvene best mogleg. Satsinga på førebygging og tidleg innsats i tråd med heilskapleg innsatstrapp blir heilt sentral, seier kommunedirektør Audhild Mork. Etter orienteringa blir det gruppearbeid med ulike tema på forskjellige bord. Her kan du kome med innspel som blir teke med i vurderinga når vi arbeider med omstilling. – Den første innbyggardialogen viste stort engasjement, og vi fekk mange gode innspel som vi tok med tilbake i arbeidet med omstilling. Oppsummeringa av gruppeabeidet ligg ute på heimsida. Vi håpar på like gode samtalar denne gongen, seier kommunedirektøren. Tid og stad:Måndag 15. desemberKl. 17.00–19.00Vestnes bibliotek Sist endra 27.11.2025 09.45