Utskriving av eigedomsskatt 2023 - offentleg ettersyn

I samsvar med Eigedomsskattelova sin § 15 er eigedomsskattelistene for bustadar, fritidsbustadar, næringseigedommar m.m. for 2023 lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker frå 21. februar.

I samsvar med kommunestyret sitt vedtak av 15.12.2022 er gjeldande skattesatsar for eigedomsskatt for 2023 følgjande:

0/00 for næringseigedommar
4 0/00 for bustader, fritidsbustader m.v. 

Skattelister 

Eigedomsskattesetel

Samstundes med at eigedomsskattelista vert utlagd, får eigar (skattytar) tilsendt eigedomsskattesetel med informasjon om takst og utrekna skatt, samt informasjon om klagerett. Skattesetelen inneheld eigedomsnummer (gnr/bnr), eigedomsskattetakst, skattesats, skattebeløp og informasjon om klagerett. Vert skatten for ein eigedom mindre enn kr 300, skal det ikkje skrivast ut skatt jf. eigedomsskattelova § 14.

Informasjon om klagerett

Klage for eigedommar berekna etter kommunal taksering skal sendast til Vestnes kommune, Eigedomsskattekontoret, Brugata 10, 6390 Vestnes innan 6 veker, og seinast innan 15. april 2023.

Eventuelle klager over utskreve eigedomsskatt kan fremmast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatten, dersom det ikkje har vore klaga på same grunnlag tidlegare år, jf. eigedomsskattelova § 19. Klagen må vere skriftleg. Eigedomsskatten skal betalast til forfall sjølv om du har sendt inn klage jf. eigedomsskattelova § 25.

Klage for eigedommar berekna etter bustadverdi/formuesgrunnlag skal rettast til Skatteetaten.

Eventuelle spørsmål om utskriving av eigedomsskatten kan rettast til Vestnes kommune, tlf 71 18 40 00.

Min Side

Du finn også informasjon om eigedomsskatt for din eigedom ved å logge deg inn på Min side.

 

Les meir om eigedomsskatt

 

Eigedomsskattekontoret