PPT og Tildeling og koordinering flyttar til rådhuset

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og Tildeling og koordinering flyttar inn i dei tidlegare NAV-lokala på rådhuset. 

Frå veke 17 (måndag 20. april) vil tenestene ha adresse på rådhuset. Inngangen vil vere den same som til Servicekontoret.

Flyttinga er vedteken av kommunestyret 26. februar 2026 (sak PS-16/26). 

Redusert tilgjengelegheit i samband med flytting

Sjølve flyttinga skjer i veke 16 (13.–17. april). I denne perioden må innbyggjarar rekne med noko redusert tilgjengelegheit, og det vil ikkje vere mogleg med fysisk oppmøte utan avtale.

Har du avtale med PPT eller Tildeling og koordinering i veke 16, skal du møte opp i dei noverande lokala.

Kontaktinformasjon

Om du har spørsmål i samband med flyttinga, finn du kontaktinformasjon for einingane i lenkjene under:

PPT: Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) - Vestnes kommune

Tildeling og koordinering: Tildeling og koordinering - Vestnes kommune