Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Næringsprisen 2022 frå Vestnes kommune

Næringsprisen 2022 frå Vestnes kommune

Vestnes kommune lyser ut næringsprisen for 2022.
Vedtektene for næringsprisen og tidlegare tildelingar kan du lese her.

Båtbyggermonumentet i Vestnes sentrum - Klikk for stort bileteBåtbyggermonumentet i Vestnes sentrum Reidun Beate Bjølverud

Send inn grunngjeve forslag seinast søndag 20. november 2022. Framlegg kan sendast elektronisk til postmottak@vestnes.kommune.no eller fyll ut skjema her: 

Forslag til Næringsprisen 2022

Avgjerd om pristildelinga vil skje i Vestnes formannskap.