Ledig omsorgsbustad ved Senior Plaza på Vestnes

Ved Senior Plaza vert det ledig ein leilegheit på ca 70 m² i 2. etasje. Leilegheita har to soverom. Husleiga er kr. 8.215 pr. mnd. (TV inkludert). Søknadsfristen er 16.12.2022.

Fjernvarme og straum kjem i tillegg på ca kr. 850 pr. mnd. Parkeringsplass inngår ikkje i leigeavtalen. Dyrehald og røyking er ikkje tillate. Leilegheita har eigen balkong.

Det er utarbeidd eigne kriteria for inntak i omsorgsbustad (PDF, 584 kB), der behov for pleie/omsorg og tryggleik vert lagt vekt på. Nærare opplysningar kan ein få hos tenestekontoret på tlf. 48024809 / 90693160 / 91142009.

Meir informasjon og søknadsskjema finn du her.

Søknaden må vere Vestnes kommune i hende innan 16.12.2022.