Kor ligg bustadene?
Hovudtyngda av dei kommunale bustadene ligg nær sentrum, i Kråkvika og på Hagneset. I tillegg har vi nokre bustader i Tomrefjord og Tresfjord. Kommunen har og tildelingsrett til ein del bustader i ein eigen Stiftelse. Desse ligg i Åsbygda og på Vikebukt.
Kven kan søke?
Alle som er fylt 18 år kan i utgangspunktet søke om kommunal bustad, men dei som av ein eller annan grunn bur i ueigna bustad eller bumiljø, står i fare for å miste bustad eller er utan bustad, vert prioritert.
Kva kostar det?
Husleiga varierer ut frå kor bustaden ligg, kva standard den har og storleik. Pr. 2020 varierer dette frå ca 4.300 til 7.700 pr. månad. Straum samt et. TV og internett kjem i tillegg ved dei fleste bustadene. Det er ikkje krav om depositum i kommunale bustader. Ved bustader eigd av stiftelsen er det krav om 2 månaders depositum/garanti.
Eigenskaper ved bustadene?
Alle bustadene er umøblert, så f.eks. kvitevarer må leigetakar sjølv skaffe. Talet på soverom varierer frå eitt til fire. Vedomn fins i nokre av bustadene. Det er tilgjengeleg parkeringsplass ved alle bustadene.
Slik søker du?
Det er utarbeidd eige søknadsskjema for dei kommunale bustadene. Ein kan søke om bustad når som helst.
Dersom du ikkje kan nytte det elektroniske skjemaet finn du papirsøknadsskjema her.
I tillegg til vilkåra i tildelingsreglane (PDF, 78 kB) er det til ein kvar tid tilgangen på ledige bustader som avgjer om det vert aktuelt å gje tilbod.
Hjelp til å søke
Kontakt bustadkontoret eller servicekontoret for hjelp til utfylling eller for utlevering av skjema. Skjema kan og sendast pr. e-post eller post om ønskeleg.
Kva skjer vidare?
Søknad sendast til Vestnes kommune og vert behandla av ei eiga tildelingsnemnd. Nemnda vil vurdere søkaren sine behov og avgjere om ein får tilbod om bustad. Søkaren kan bli kalla inn til samtale i samband med vurdering av søknaden. Vi har som målsetjing å svare på søknaden innan 3 veker frå søknaden er motteken. Den som får tilbod om bustad får høve til å sjå bustaden først og vil få ein rimeleg frist for å vurdere tilbodet.
Teieplikt
Dine personopplysningar er underlagt teieplikt, og informasjon knytt til din søknad vert lagra forsvarleg.
Klage
Tildelinga av konkret bustad er ikkje å sjå som enkeltvedtak og kan ikkje klagast inn.