Har du nokon du vil foreslå til Vestnes kommune sin næringspris?Vestnes kommune lyser ut næringsprisen for 2025. Har du nokon du vil foreslå?Næringsprisen kan gjevast til bedrifter, enkeltpersonar eller grupperingar av personar/bedrifter som har vist særleg evne og vilje til å etablere og/eller trygge arbeidsplassar og aktivitet i Vestnes kommune. Ved tildeling blir det mellom anna lagt vekt på evne til innovasjon, nyskaping og omstilling. Framlegg skal vere skriftlege og innehalde grunngjeving.Foreslå nokon til næringsprisen 2025Eventuelt kan du sende inn forslag til postmottak@vestnes.kommune.noFrist: Søndag 23. november 2025Vedtekter for næringsprisen og tidlegare tildelingar finn du her Det er formannskapet i Vestnes kommune som gjer vedtak om kven som skal få prisen. Sist endra 11.11.2025 13.41