Gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar

Korleis kan du bruke mindre energi på å halde bustaden varm? Kva energitiltak er smarte for bustaden din? Skal du satse på solceller eller varmepumpe no? Korleis etablerer du ladeløysing for elbil og kva støtteordningar finst?

Frå 19. september 2022 tilbyr Vestnes kommune gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar. No kan du få objektive råd om korleis du kan redusere energibruken og finne klimavenlege løysingar for husstanden din. Rådgivingen vil finne stad på nett og via digitale synfaringar. Tilbodet er gratis og uforpliktande.

Målsetjinga med kampanjen er å fremme kunnskap og bevisstgjere innbyggarane om eige energibruk og gi råd som reduserer energibruken og bidrar til ein klimavenleg kvardag.

Gjennom Energiportalen.no får du råd og tilbod om digital synfaring frå ein objektiv energirådgjevar

– Tilbodet er ein del av det viktige arbeidet til kommunane med klima og energi. Vi skal leggje til rette for at innbyggarar skal kunne ta klimavenlege val, seier einingsleiar for Tekniske tenester, Emil Balstad i Vestnes kommune.

Informasjon om kampanjen finn ein på kommunens nettsider og sosiale media. Her er det publisert nyttige tips og råd kring temaet. 

For Vestnes kommune er det viktig at innbyggarane får nøytrale råd. Energirådgivarane kommunen nyttar skal verken selje varmepumper, vindauge eller isolasjon, berre gi objektive råd tilpassa hushaldningane sin bustad og økonomi.

Kampanjen er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og leveres i samarbeid med kommunene i fylket. Tenestene i kampanjen leveres av Simenergi AS og EEFFY AS.

Spørsmål om kampanjen kan rettast til

Einingsleiar Tekniske tenester, Emil Balstad. Tlf. 48125480  eller epost: emil.balstad@vestnes.kommune.no

Prosjektleder Nicolai Dirdal i Simenergi AS. Tlf. 92858016 eller epost: nicolai@simenergi.no