Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar

Gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar

Vestnes kommune tilbyr no gratis klima- og energirådgiving til innbyggarane sine. 

Dette omfattar:

Rådgivinga skal bidra til at bustadeigarar bruker energi meir effektivt og klimavenleg. Og i større grad bruke lokale fornybar energikjelder som til dømes solenergi. I tillegg skal bustadeigarar få gode råd om ladeløysingar for elbil og støtteordningar. Tilbodet er ein del av arbeidet til kommunen med klima og energi som skal bidra til kunnskapsbygging og legge til rette for at innbyggarar skal kunne ta klimavenlege val. 

Gratis og uforpliktande klima- og energirådgiving

Vestnes kommune gjennomfører frå 19. september 2022 ein klima- og energirådgivingskampanje retta mot hushaldningar. Hensikta er å motivere boligeigarar til å redusere energibruken i eigen bustad og ta klimavenlege val. Dette gjeras gjennom bruk av energiportalen.no og tilbod om digital synfaring med ein objektiv energirådgivar.

Du kan mellom anna få råd om:

  • Elbillading
  • Etterisolering av vegger og tak
  • Byting av vindauge og dører
  • Installering av varmepumpe eller solceller
  • Smart styring
  • Alternative energikjelder
  • Støtteordningar frå Enova

Tilbodet gjeld fram til september 2023.

Energianalyse på nett

Verktøyet Energiportalen gjer det mogleg med objektiv nettbasert energianalyse av bustaden din. Gå til energiportalen.no og søk opp bustaden din. Du får rettleiing til korleis han skal brukast.

Synfaring med energirådgivar

Du kan avtale ei synfaring med ein energirådgivar, som kan hjelpa deg med smarte klima- og energiløysingar tilpassa bustaden og økonomien din. Dette er eit avgrensa tilbod. Gå til kalenderen for å finne ledige tider.

Kampanjen er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og leveres i samarbeid med kommunane i fylket. Tenestene og rådgivinga er levert av Simenergi AS og EEFFY AS.
 

Kontaktinformasjon

Emil Balstad
Einingsleiar
E-post
Telefon 481 25 480

Opningstider

Opningstid og telefontid: 
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes