Årets tema er ekombortfall, altså situasjonar der internett og telefoni ikkje fungerer. Slike avbrot kan ha mange årsaker og som regel er tenestene tilbake etter kort tid, men kva gjer du dersom mobilnettet og internett blir borte over ein lengre periode?
Veit du kvar du skal gå dersom internettet og telefonen ikkje fungerer?
Dersom ei hending fører til at digitale kommunikasjonskanalar ikkje fungerer over lengre tid, kan Vestnes kommune etablere informasjonspunkt fleire stader i kommunen. Her kan du mellom anna få oppdatert informasjon om situasjonen.
Les meir om informasjonspunkta i Vestnes kommune
Ny beredskapsside på nett
Kvar er tilfluktsromma i Vestnes kommune? Kva bør eg ha heime for å klare meg i ei veke? Korleis fungerer ei evakuering?
Vi har oppdatert beredskapssida vår med ny informasjon. Her finn du råd og rettleiing som kan vere nyttig i ei krise. Vi oppmodar alle til å utforske sida og gjere seg kjende med informasjonen.
Les meir om beredskap
Stand om eigenberedskap
Gjennom eigenberedskapsveka kan du besøkje standen vår på Vestnes bibliotek. Her kan du sjå døme på utstyr som kan vere nyttig å ha heime i ei krisesituasjon. Der vil også vere brosjyrar og anna informasjonsmateriell som du gjerne må ta med deg.
Laurdag flyttar vi standen til fellesarealet på Vestnes Brygge. Her kan du få informasjon om eigenberedskap, få informasjonsmateriell og slå av ein fagleg prat om beredskap med representantar frå Vestnes kommune og Tresfjord og Vestnes Røde Kors.
Kvifor fokuserer vi på eigenberedskapsveka?
Eigenberedskapsveka er ei landsdekkande kampanje som blir gjennomført av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) i samarbeid med kommunar over heile landet.
Eigenberedskap handlar om å kunne klare seg sjølv i størst mogleg grad ved kriser. Det kan vere straumbrot, ekstremvêr eller andre hendingar som gjer at samfunnet ikkje fungerer som normalt. Styresmaktene tilrår at du skal kunne klare deg sjølv i minst ei veke.
Gjennom eigenberedskapsveka ønskjer vi å gi innbyggarane kunnskap og råd som kan gjere oss alle betre førebudde når kvardagen ikkje går som normalt. I samband med årets kampanje har Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) laga ei temaside om ekombortfall med råd og informasjon om korleis du kan førebu deg.