Dette tek vi med oss frå innbyggardialogen 15. desember

Takk til alle som møtte opp og delte tankane sine. Vi fekk med oss mykje nyttig, og sjølv om vi ikkje kan løfte fram alt her, ønskjer vi peike vi på nokre av innspela vi tek med oss vidare.  

Merk: Denne saka inneheld innspel i kulepunkt frå førre innbyggardialog. Du kan lese ei meir utfyllande oppsummering av innspela her.

Innspel frå innbyggarane:

  • Vi bør styrkje helsekompetansen i befolkninga.
  • Vi må sikre eit system som er tilgjengeleg og ikkje avhengig av enkeltpersonar.
  • Vi må hindre at barn og unge blir «kasteballar» mellom system.

Slik jobbar vi vidare med dette:

Vi har oppretta overordna leiarnettverk for born og unge, for å få heilskapleg koordinering og samarbeid mellom oppvekst og helse, slik oppvekstreforma krev av kommunane. Nettverket er leia av kommunalsjefane i helse og oppvekst og består av:

  • kommunepsykolog
  • kommuneoverlege
  • NAV-leiar
  • leiar for interkommunalt barnevern
  • PPT-leiar
  • einingsleiar kultur
  • einingsleiar kvalifisering og integrering
  • einingsleiar familie og helse

Innspel frå innbyggarane:

  • Vi bør leggje til rette for at fleire kan stå lenge i arbeid.
  • Vi bør bruke både unge og eldre som ressursar.
  • Vi må sikre aktivitetar som inkluderer ulike aldersgrupper. 

Slik jobbar vi vidare med dette:

Vi vil som arbeidsgjevar jobbe for at folk kan stå så lenge i arbeid som helsa og motivasjonen tillet, og det skal stadfestast i arbeidsgivarpolitikken.

Vi nyttar unge som «trivselsmedarbeidarar» i helse, men vi kan også nytte unge i oppvekst. Eldre og pensjonistar som kan tenke seg aktivitet er også aktuell, men vi må få det inn som ein heilskapleg tanke. 

Innspel frå innbyggarane:

  • Vi bør vurdere ein praktisk hjelp‑hub i samarbeid med NAV, næringsliv og frivillige.
  • Ubenytta arbeidskraft bør kunne nyttast til småoppgåver. 

Slik jobbar vi vidare med dette:

Større kommunar har allereie tilsvarande løysingar, og vi vil nytte oss av kunnskapen frå dei som har erfaringar. 

Innspel frå innbyggarane: 

  • Vi bør sjå på moglegheiter innan kunstig intelligens og velferdsteknologi 
  • Vi bør tilby opplæring i digital kompetanse. 
  • Vi bør lære av andre som har lukkast med nye arbeidsformer. 

Slik jobbar vi vidare med dette:

Vi jobbar med strategi for digitalisering av mange av tenestene våre. Interkommunalt har vi starta å sjå på digital heimeteneste (for brukarar dette passar for), ei løysing som Finland har hatt i 15 år. 

Innspel frå innbyggarane:

  • Vi bør opne for meir utlån av kommunale lokale.
  • Vi bør vurdere tiltak som til dømes kommunehage i Stella Maris‑parken.
  • Vi bør styrkje lågterskel møteplassar og frivillig aktivitet.
  • Vi bør bruke ubenytta arbeidskraft  

Slik jobbar vi vidare med dette:

Dette er gode innspel som vi tek med oss vidare. Trondheim kommune har til dømes ei byteordning mellom frivillige organisasjonar og kommunen, der organisasjonane får gratis leige mot å bidra med tenester som matutkøyring til heimebuande. Ei slik ordning kan vere aktuell å vurdere hos oss òg.

Innspel frå innbyggjarane:

  • Vi må gi betre oversikt over aktivitetar og tilbod.
  • Vi bør gjere det enklare å finne tiltak digitalt.

Slik jobbar vi vidare med dette:

Kommunen er aktør i iVestnes og nyttar kanalen der til å informere om tilbod og aktivitetar. I tillegg blir vi betre på dette når vi før sommaren legg ut den heilskaplege innsatstrappa som gjer alle tiltak og tenester søkbare digitalt.