Vestnes kommune

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom er eit  lovpålagt helsetilbud til alle barn og unge mellom 5 - 20 år. Alle barn har rett til helsehjelp og foreldre pliktar til å medverke til at barnet deltek i helsekontroll. 

Skulehelsestenesta er ein stad der barn, unge og foreldre kan kome med sine bekymringar og problem.

Kva tilbyr vi ?

Faste treffetider ved kvar av barne- og ungdomskulane, samt vidaregåande skule.

Klasse Helseundersøking Tilbod om vaksinasjon
1. klasse 6 år-skulestartundersøking - Helsesamtale med helsesøster og somatisk undersøking ved lege.
2. klasse Difteri, stivkrampe, kikhoste og poliomyelitt (DTP-IPV).
3. klasse Måling av høgde/vekt. Oppføljing ved behov.
6. klasse Meslingar, kusma og raude hundar (MMR).
7. klasse Humant papillomavirus (HPV) totalt to doser - frå hausten 2018 tilbod både til jenter og gutar.
8. klasse Måling av høgde/vekt. Oppføljing ved behov. Tilbod om helsesamtalar/ trivselssamtalar.
10. klasse Difteri, stivkrampe, kikhoste og poliomyelitt (dTP-IPV).

Vaksinasjon

Klikk her for å se hvilke vaksiner som er den del av barnevaksinasjonsprogrammet.

Helseopplysning individuelt og i gruppe:

  •  6. klasse i tema pubertet
  •  8. klasse i tema alkohol, narkotika og tobakk
  •  9. klasse i tema sex og samliv
  • 10. kasse i tema psykisk helse

 Deltaking på foreldremøte 1. og 8. klasse og elles ved førespurnad.

Korleis får du tilbudet?

Du får tilbudet  ved den skulen du tilhøyrer.

Kven møter du ?

Kvar skule har ei helsesøster/helsearbeidar som er knytt opp til den enkelte skule. Helsesøster/helsesarbeidar kan vere ein «døropnar» til andre samarbeidande instansar når det er nødvendig som t.d. lege, fysioterapeut eller psykisk helse.

Kontakt oss
Namn Telefon Mobil Epost
Avdelingsleiar Anne Elin Frøysa 71 18 41 90 948 41 710 epost
Einingsleiar Elly Slettvoll 71 18 10 32 901 58 565 epost

Kva kostar det?

Skulehelsetenesta er eit lavterskeltilbud uten timebestilling og den er gratis

Regelverk

Helse og omsorgstenesteloven 
Pasient- og brukerrettighetsloven   
Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven)

Kontaktinformasjon

Helsestasjonen ekspedisjon
Telefon 71 18 41 93

Alt.telefon 71 18 41 90

Opningstider

Kvardagar 09:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Helsestasjonen
Brugata 14
6390 Vestnes

Kart

Fann du det du leita etter?