Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Helsestasjon for ungdom (HFU)

Helsestasjon for ungdom er eit helsetilbud til alle barn og unge mellom 13 - 20 år. 

Kven kan få tilbodet?

Dette er eit gratis tilbod for gutar og jenter mellom 12-20 år, og du treng ikkje bestille time - berre møt opp (drop-in timar).

Kva kan du få hjelp til?

Helsestasjon for ungdom er eit supplement til skulehelsetenest (sjå lenke). Her møter du helsesjukepleiar og lege. Dei kan kontaktast om fysisk eller mental helse eller om du har andre spørsmål knytt til din livssituasjon, som for eksempel:

  • Prevensjon
  • Graviditet
  • Kjønnssjukdommar
  • Rus og rusmisbruk
  • Seksualitet og seksuell legning
  • Tristheit/einsamheit
  • Vonde opplevingar

Vi kan hjelpe med resept på prevensjon, graviditetstestar, klamydiatestar og underlivsundersøkingar. Vi henviser til fastlege eller spesialist dersom det er behov. Alle vi som arbeider på helsestasjon for ungdom har teieplikt.

Følg Helsestasjon for ungdom på facebook

Du kan få snakke med

Helsesjukepleier Anita Karin Kvalsvik mellom kl 15:00 - 17:00 og lege Charlotte Louise Olafsen mellom kl 15:00 - 16:00. Dei er tilgjengeleg kvar tysdag, unntatt i skuleferiar.

Kva kostar det?  

Tilbodet er gratis.

Regelverk

Helse og omsorgstenesteloven 
Pasient- og brukerrettighetsloven

Kontakt

Helsestasjon for ungdom
Mobil 99 48 68 64
Anita Karin Kvalsvik
Helsesjukepleiar
E-post
Telefon 99 48 68 64

Opningstider

Kvar tysdag frå kl. 15.00 - 17.00  unntatt i skuleferiar
Lege tilgjengeleg mellom kl 15:00 - 16:00.

Adresse

Besøksadresse

Brugata 14
6390 Vestnes

Kart