Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Grensejustering og arealoverføring

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Grensejustering og arealoverføring

For å gjere eigedomsgrensene meir hensiktsmessige kan du søke om å justere grenser eller overføre areal mellom eigedomar.

Grensejustering  

Ei grense mellom to eigedomar kan justerast utan at arealet først vert utskild som eigen eigedom, dersom dette gjeld overføring av små areal.

Sjå Matrikkelforskrifta for meir informasjon til grensejustering

Kartverket sin informasjon kring grensejustering

Arealoverføring

Er tilleggsarealet større enn 500m², må det løysast etter matrikkellova sine bestemmingar om arealoverføring.

Arealoverføring er eit søknadspliktig tiltak på linje med oppretting av ny grunneigedom/festegrunn. Det skal gis løyve etter plan- og bygningslova sine bestemmingar, og i nokre tilfelle og etter jordlova sine bestemmingar. Etter at løyve er vert gjeven, går saka til oppmålingsforretning.

Ved arealoverføring blir det ikkje oppretta eige gards- og bruksnummer på tilleggsarealet. Arealet får same gards- og bruksnummer som mottakareigedomen. Ved tinglysing skal alle rettigheitshavarar/panthavarar på avgivareigedomen samtykke i arealoverføringa. Vidare skal dei involverte partane fylle ut skjemaet - føresegn om arealoverføring som kommunen skal sende til tinglysing. Denne føresegna fungerer som eit skøyte for det overførte arealet. 

Oppmålingsforretning

Grensejusteringar og saker kor det er gjeve løyve til arealoverføring går til oppmålingsforretning.

Berørde partar blir varsla og får moglegheit til å påvise eksisterande grenser og grenser for tilleggsarealet. Grensene blir merka, målt og registrert i matrikkelen. Gjeld saka arealoverføring blir det også registrert i Grunnboka (tinglysing). Når saka er fullført får alle berørde partar tilsendt nytt matrikkelbrev over sin eigedom.

Skjema for Rekvisisjon av oppmålingsforretning   

Les meir om arealoverføring og grensejustering 

Kontaktinformasjon

Stian Romuld
Landmålar
E-post
Telefon +47 90 72 93 73

Opningstider

Opningstid og telefontid: 
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart