Grensejustering
Ei grense mellom to eigedomar kan justerast utan at arealet først vert utskild som eigen eigedom, dersom dette gjeld overføring av små areal.
Hovudreglane for grensejustering er:
- Ein eigedom kan få auka eller redusert arealet med inntil 5 %
- Maksimalt areal som kan grensejusterast er 500 m², uavhengig av prosentdelen
- 80 % av eigedommen må vere uendra, det vil seie at endringar ikkje kan overstige 20 % av eigedomen sitt areal
- Verdien av arealet som blir justert kan ikkje overstige 1G (folketrygda sitt grunnbeløp)
Sjå Matrikkelforskrifta for meir informasjon til grensejustering
Kartverket sin informasjon kring grensejustering
Arealoverføring
Dersom arealet som blir overført er for stort til at det kan grensejusterast, må det løysast etter matrikkellova sine bestemmingar om arealoverføring.
Arealoverføring er eit søknadspliktig tiltak på linje med oppretting av ny grunneigedom/festegrunn. Det skal gis løyve etter plan- og bygningslova sine bestemmingar, og i nokre tilfelle og etter jordlova sine bestemmingar. Etter at løyve er vert gjeven, går saka til oppmålingsforretning.
Ved arealoverføring blir det ikkje oppretta eige gards- og bruksnummer på tilleggsarealet. Arealet får same gards- og bruksnummer som mottakareigedomen. Ved tinglysing skal alle rettigheitshavarar/panthavarar på avgivareigedomen samtykke i arealoverføringa. Vidare skal dei involverte partane fylle ut skjemaet - føresegn om arealoverføring som kommunen skal sende til tinglysing. Denne føresegna fungerer som eit skøyte for det overførte arealet.
Ved arealoverføring gjeld dei same krava til dokumentasjon og skjema som når du søker om oppretting av grunneigedom (fradeling). Det betyr at du må levere inn dei same søknadsskjemaene, nabovarsel og nødvendige vedlegg.
Du finn oversikt over kva du må sende inn, og korleis du går fram, på sida om oppretting av grunneigedom.
Oppmålingsforretning
Grensejusteringar og saker kor det er gjeve løyve til arealoverføring går til oppmålingsforretning.
Berørde partar blir varsla og får moglegheit til å påvise eksisterande grenser og grenser for tilleggsarealet. Grensene blir merka, målt og registrert i matrikkelen. Gjeld saka arealoverføring blir det også registrert i Grunnboka (tinglysing). Når saka er fullført får alle berørde partar tilsendt nytt matrikkelbrev over sin eigedom.
Skjema for Rekvisisjon av oppmålingsforretning
Les meir om arealoverføring og grensejustering