Bustadtomter

Vi har bustadtomter til sals i dei fleste bygdelag i kommunen.  Dette kan vere tomter både i eldre og nyare bustadfelt.

Prisane på tomtene kan variere mykje, og vert som hovudregel fastsett med utgangspunkt i utbyggingskostnadene for den perioden det einskilde bustadfeltet vart utbygd. I nokre områder med lite etterspurnad har ein gjennom politiske vedtak fastsett nye «subsidierte» prisar på tomtene. I heilt nye felt kan tomtene derimot ligge i andre enden av prisskalaen. Høgare prisar skuldast som regel ein kombinasjon av høgare innkjøpspris av tomtegrunn og relativt få tomter å fordele utbyggingskostnadane på. Eit viktig prinsipp ved fastsetting av tomtepris har vore at tomtene skal verte seld til sjølvkost. Gjennom dette prinsippet har kommunen ikkje noko forteneste på tomtene. Vestnes kommune ønsker at innbyggarar og tilflyttarar skal få høve til å kjøpe rimelege tomter til ein pris som ikkje er marknadsstyrt.

Tildelingsreglar

Det er utarbeida eigne tildelingsreglar (PDF, 374 kB) for sal av bustadtomter (PDF, 151 kB). Vestnes kommune ønsker gjennom dette regelverket å ha klare og ryddige rutiner for tildeling av bustadtomter, samt å hindre spekulasjon om vidaresal av tomter. Alle søknader om å få tildelt bustadtomt skal vere skriftleg.

Vilkår for kjøp

Nedanfor har vi lista opp nokre av vilkåra ved sal av bustadtomter:

  • Ved søknad skal kommunens søknadsskjema nyttast.
  • Ved førstegongs utlysing av nye tomter vert det i kvart enkelt tilfelle presentert ein eigen søknadsfrist.
  • Øvrige tomter vert seld etter prinsippet om «først-til-mølla».
  • Tomta skal bebyggast innan 2 år. Om ikkje dette vert oppfylt har kommunen ein tilbakekjøpsrett.
  • Tomtene vert seld med veg, vatn og avløp fram til tomtegrensa.
  • Tomteprisane er i utg.punktet fastsett, men vil i nokre tilfelle kunne avvikast om gode grunner tilseier det.
  • Tomtesøkaren må vere ein privatperson over 18 år og kan ikkje eige kommunal ubebygd tomt frå før.
  • Kjøpar plikter å gjere seg kjent med reguleringsføresegnene for området der tomta ligg.
  • Ved kjøp av bustadtomt er det utarbeidd standard kjøpekontrakt. (PDF, 566 kB)

Oversikt med lenke over ledige bustadtomter 

Vågstranda (PDF, 147 kB)
Bakneset sør (PDF, 253 kB)
Daugstad (PDF, 209 kB)
Sylteråket I (PDF, 226 kB)
Sylteråket II (PDF, 226 kB)
Sylteråket aust (PDF, 274 kB)
Åsbygda (PDF, 283 kB)
Vik - Selnes (PDF, 170 kB)
Fiksdal (PDF, 196 kB)
Sandane Rekdal (PDF, 133 kB)

Prisar bustadtomter  

Prisar bustadtomter
Tomtefelt Antal Tomtepris (ca.)
Vågstranda 4 90 000
Vestnes, Åsbygda 3 698 000
Vikebukt Bakneset (sør) 12 355.000 - 440.000
Daugstad, Brovold/Sætre 1 84 960
Tresfjord, Sylteråket Aust 6 195 000
Tresfjord, Sylteråket I 3 105 970
Tresfjord, Sylteråket II 3 139 180
Tomrefjord, Vik/Selnes 1 110 080
Fiksdal, byggefeltet 3 63 950
Rekdal, Sandane 2 23 100

Felles for alle tomtene:

  • Prisane er inkl. tomtegrunn, teknisk anlegg, frådelings-/oppmålingsgebyr, dokument avgift og tinglysingsgebyr. 
  • Endeleg pris vert fastsett når tomta er oppmålt (tomtene varierer noko i storleik).
  • Tilknytningsavgift for vatn i privat vassverk kjem i tillegg.
  • Tilknytningsavgift for elektrisitet er ikkje inkludert.

Kontakt

Eigedomsdrift
Øystein Hole
Saksbehandlar
E-post
Telefon 94 14 62 73
Mona Janne Johansen
Einingsleiar
E-post
Telefon 91 37 18 00

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Kart