Salsbevilling

Når treng du salssbevilling?

Butikkar som skal selje alkohol, må søke om salsbevilling. Salsbevillinga gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol.

Bensinstasjonar, kioskar og gatekjøkken kan ikkje få salsbevilling.

Krav som du må oppfylle

Korleis søke om salssbevilling?

Du må sende oss ein søknad om salssbevilling. Søknadsskjemaet er elektronisk. Du kan laste opp alle vedlegg i søknaden.

Vedlegg som må følgje søknad om salssbevilling 

  • Dokumentasjon på at styrar og stedfortredar på salsstaden har bestått kunnskapsprøva
  • Dokumentasjon på at styrar og stedfortredar er tilsett ved salsstaden
  • Firmaattest frå Brønnøysundregistra for den som søker bevillinga
  • Planteikningar over arealet og funksjonane i lokalet
  • Bruksløyve frå bygningsmyndigheitene

Kor lang tid tek det?

Kommunen skal behandle søknad om salssbevilling innan tre månadar etter at du har sendt inn ein fullstendig søknad. Søknaden vert sendt på høyring til politiet, Skatteetaten og sosialtenesta. Behandlingstida kan ta lengre tid, dersom høyringsinstansane brukar lang tid, har merknader til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.

Lover og reglar

Oversikt over lover og reglar som gjeld for serverings-, sals- og skjenkestadar.

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart