Bassenget på Myra er ubetjent og berre ope for mennesker med hjelpebehov som er ein del av organisert aktivitet. I tillegg er delar av den lovpålagde svømmeopplæringa i barnehage/skule lagt til dette bassenget.
For familiebading/publikumsbading - sjå Tomrefjord svømmehall
Myra varmebasseng er eit behandlingsbasseng som held jamn temperatur på 34 grader. Det maksimale publikumstalet er 30 personar.
Bassengtider for 2026-2027 finn du her (PDF, 75 kB)
Stengde periodar
- Bassenget stenger 1. juni og opnar igjen i veke 38.
- Myra varmebasseng held stengt mellom jul og nyttår.
- Med atterhald om endringar i programmet.
Betaling
Alle badande må løyse billett. Vi oppmodar alle om å betale via VIPPS til 12 68 08.
Prisar
- Vaksne kr 95
- Barn/honør kr 50
- Medlemmar av revmatikerforeninga kr 50
- Klippekort (12 klipp): Vaksne kr 950
- Klippekort (12 klipp): Barn/honør/revmatiker kr 500
Sist endra 25.09.2026 13:13