Tomrefjord svømmehallSvømmegruppa i Tomrefjord Idrettslag tilbyr publikumsbading og trening for vaksne i svømmehallen i Tomrefjord Idrettsbygg.Offentlege badetilbodTomrefjord svømmehall vil vere open for publikumsbading frå 24.10.2026 til påskeferien 2027. Det er Svømmegruppa i Tomrefjord IL som arrangerer publikumsbadinga.OpningstidLaurdagar, kl. 12.00 – 15.00Publikumsbadinga er open i veke 43–11, med unntak av veke 52, 53 og 8.InformasjonPrisar på publikumsbadinga er 40 kr for honnør/barn (til og med 16 år), 60 kr for vaksen. Ein kan betale med kontant/VIPPS.Det er mogleg å kjøpe sesongkort (300 kr for barn/honnør, 500 kr for vaksen). Dette må betalast med VIPPS.Barn som skal svømme aleine, må gå minimum i 6. trinn og vere svømmedyktig.Er ikkje barnet svømmedyktig, må ein ha med følgje av ein vaksen i bassenget.Ein badetime er 50 minutt + dusj. Er det ledig kapasitet kan ein vere i bassenget lengre.For meir informasjon om både publikumsbading og svømmegruppa, sjå Tomrefjord IL si heimeside. Sist endra 15.10.2026 07:57