Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Myra varmebasseng er eit behandlingsbasseng som held jamn temperatur på 34 grader. Bassenget på Myra er ubetjent og berre ope for mennesker med hjelpebehov som er ein del av organisert aktivitet. I tillegg er delar av den lovpålagde svømmeopplæringa i barnehage/skule lagt til dette bassenget.
Offentlege badetilbod skuleåret 2024 - 2025
Myra varmebasseng opnar badetilbodet 4. september 2024.
For familiebading/publikumsbading - sjå Tomrefjord svømmehall
Måndagar
10.00 – 14.00 Fysioterapi - deltakarar må ha avtale med fysioterapeut.
19.00 – 21.00 Trim i basseng med instruktør. Arrangør: Vestnes revmatikerforening. Har du hjelpebehov? Ha med eigen hjelpar.
Tysdagar
12:30 – 15.15 Fysioterapi - deltakarar må ha avtale med fysioterapeut.
Onsdagar
12300 – 15.15 Fysioterapi - deltakarar må ha avtale med fysioterapeut.
17.00 – 19.00 Møteplassen. For mennesker med hjelpebehov. Ubetjent. Badande må ha eigen hjelpar.
Torsdagar
17.00 – 19.00 Trim i basseng med instruktør. Arrangør: Vestnes revmatikerforening. Har du hjelpebehov? Ha med eigen hjelpar.
Med atterhald om endringar i programmet.
Det maksimale publikumstalet er 30 personar.
Betaling
Alle badande må løyse billett. Vi oppmodar alle om å betale via VIPPS til 12 68 08.
Prisar
- Vaksne kr 95
- Barn/honør kr 50
- Medlemmar av revmatikerforeninga kr 50
- Klippekort (12 klipp): Vaksne kr 950
- Klippekort (12 klipp): Barn/honør/revmatiker kr 500
Det vil kome nye reglement og instruksar i løpet av kort tid.
Sist endra 03.09.2024 13.31