Er en du kjenner utsett for vald?

Kjenner du nokon du trur blir utsett for vald eller overgrep, og lurer på kva du skal gjere? Er du redd for å blande deg i noko du ikkje har noko med, eller lurer du kanskje på korleis du best kan hjelpe?

Bry deg

Mange har kjent på den samme tvilen og usikkerheita. Ikkje all vald er synlig, og den kan derfor vere vanskeleg for utenforståande å oppdage. Når det i tillegg kan vere vanskeleg for den som blir utsett for vald å fortelje om det til andre, forblir ofte valden usynleg. Derfor ønskjer vi at du skal bry deg!

Nettsida Din vei ut gir informasjon til deg som er pårørande eller kjenner eie som er utsatt for vald eller overgrep. 

Snakk saman

Å spørje nokon om dei har blitt eller blir utsett for vald, kan vere vanskeleg og vi kan derfor vere redde for trå feil. Dei fleste ønskjer at nokon skal bry seg. Å vise at du bryr deg og lyttar, og er tydeleg på at du trur på det du blir fortald kan vere noko av det viktigaste du kan bidra med. 

Målet med ei samtale er å motivere den som er utsett for vald til å kontakte hjelpeapparatet slik at valden stoppar. Er du usikker på kva du skal gjere kan du drøfte saka anonymt med krisesenter eller politi.

Kontakt hjelpeapparatet

Akutt hjelp

Ved alvorlege truslar eller fysiske skader etter vald og overgrep, kontakt politietlegevakt (kontaktinfo) eller krisesenteret i Molde (lenke).

Samtalar, råd og rettleiing

Ta kontakt med familievernkontoret i kommunen (lenke)krisesenteret i Molde (lenke) eller andre i hjelpeapparatet for å få råd og rettleiing.

Nettsider med informasjon og hjelp

Kontakt

Elly Christine Volsdal Slettvoll
Einingsleiar
E-post
Telefon 90 15 85 65
Vestnes kommune
Post- og besøksadresse: Rådhuset, Brugata 10, 6390 Vestnes
E-post
Telefon 71 18 40 00

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse: 

Aktivitetssenteret
Brugata 8
6390 VESTNES

Kart