Legevakt

Vestnes kommune er med i eit interkommunalt legevaktsamarbeid mellom kommunane Vestnes, Fjord og Ålesund. 

Legevakt
Legevakt Telefon
Augeblikkeleg hjelp kvardagar kl. 09:00 – 15:30 - Vestnes legesenter 71 18 41 00
Augeblikkleg hjelp utanom telefontid (dvs. mellom kl. 08:00 - 09:00 og 15:30-16:00) - Vestnes legesenter 974 96 602
Ved alvorleg sjukdom eller skade mellom kl. 16:00 – 08:00 og helg 116 117
Ved livstrugande sjukdom eller skade ring 113

Opningstider Ørskog legevakt

  • Kvardagar: kl 18:00 – 21:00
  • Laurdagar/søndagar: kl 12:00 – 20:00

Det er viktig å presisere at ein må kontakte legevaktsentralen før oppmøte på legevakta i Ørskog.

Vestnes legesenter har legevakt kvardagar mellom 08:00 - 16:00.

Utanom legevakttid på Vestnes legesenter og når Ørskog legevakt er stengt skal ein nytte Ålesund legevakt.

Kvar finn du legevakta?

  • Vestnes Legesenter: Brugata 6, Vestnes
  • Ørskog Legevakt, Sjøholtvegen 86, Ørskog
  • Ålesund Legevakt: Åsesvingen 16, Ålesund

Bruk legevakta rett

Ring legevakta ved akutte og alvorlege sjukdommar og skadar utanom kontortid.
Ring legevakta når du meiner sjukdom/skade ikkje kan vente til behandling hos fastlege neste dag.
Ring legevakta om du er i tvil.

Eksempel på tilstandar som kan vente til neste kvardag

Feber hos barn der allmenntilstand er god (ring legevakta om du er i tvil)
Hoste, vondt i halsen, forkjøling som ikkje følgjer med høg feber.
Uforandra sjukdomstilstand med god allmenntilstand som har vedvart i fleire dagar.

Eksempel på tilstandar som IKKJE skal på legevakta

Sjukmeldingar der behandling ikkje er eit krav.
Fornying av reseptar( unnateke livsviktige medisinar).
Kontroll av kroniske sjukdommar.
Lege- og helseattestar.