Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Tilskott til utgreiing og prosjektering

Har du eller andre i husstanden nedsett funksjonsevne, og behov for å bygge om bustaden for å bli buande? Då kan du søke om tilskott til profesjonell prosjekteringshjelp utført for eksempel av arkitekt eller anna fagkyndig person. 

Kven kan få tilskott?

  • Personar med funksjonsnedsetjing
  • Eldre som ønskjer å utføre førebyggjande tilpassingstiltak

Kva kan du få tilskott til?

Tilskott til utredning og prosjektering kan nyttast til å kartlegge følgende:

  • moglegheiter og begrensingar i eksisterande bustad
  • uteområde og tilkomst
  • tilgjengeligheit inne
  • arealbehov
  • innreiing og eignaheit
  • om du har økonomi til å finansiere tilpassinga sjølv, eller om det er behov for lån og/eller tilskott frå kommunen

Tilskott til prosjektering kan gå til dekning av kostnader til fagleg assistanse til prosjektering, det vil seie honorar til arkitekt eller annan fagkyndig.

Tilskott til prosjektering kan dekkje utgifter på inntil 20 000 kroner. Ved tilpassing av noverande bustader, kan tilskottet brukast til utgreiing i framkant av prosjekteringa på inntil 20 000 kroner. Ein kan og søke både om tilskott til utgreiing og tilskott til prosjektering.

Slik søker du

Før du søker må du ha fått utarbeidd ein rappport frå ergoterapeut som er begrunna og viser kva tilpassingsbehov du har. Rapporten skal lastast opp i søknaden eller ettersendast pr post.

Her søker du om tilskott til utgreiing og prosjektering - lenke til skjema

Kor lang tid tek det?

Kommunen behandlar søknaden innan fire veker etter at du har levert søknaden med vedlegg.

Slik klager du 

Søk tilskott til tilpassing av bustaden

Du kan og søke om tilskott for sjølve tilpassinga av bustaden. Det kan gis saman med startlån. Les meir om startlån.

Regelverk

Lov om bustøtte og kommunale bustadtilskot