Tilskott til tilpassing

Tilskott til tilpassing

Husstandar, enkeltpersonar og eldre med nedsett funksjonsevne som har behov for å tilpasse bustaden sin for å kunne bli buande i bustaden over tid, kan søke tilskott.

Det er kommunane som tildeler tilskott. Størrelsen på tilskottet er avhenging av tilgjengelege midlar i kommunen, samt ei heilheitsvurdering av økonomi, behov og moglegheiter for støtte fra andre offentlege støtteordningar.

Kva kan du søke om?

Å tilpasse ein bustad inneber å gjøre den eigna slik at du kan fortsette å bu i den, sjølv om du har nedsett funksjonsevne. Det blir gitt tilskott/startlån kun til nødvendig utbetring av bustaden, ikke til oppussing, eller normalt vedlikehald. Tilpassinga må vere hensiktsmessig og behovet for tilskudd blir vurdert i sin heilheit ut fra husstanden sin økonomiske situasjon på sikt. Ordninga er behovsprøvd. 

Du kan også søk om tilskott til utgreiing og prosjektering, det vil seie dekning av kostnadar til arkitekt eller annen fagkyndig som kan bidra til å finne gode løysingar i din bustad. Les meir om korleis du søker tilskott til utgreiing og prosjektering her.

Eksempler på kva du kan få støtte til:

  • Enkle tiltak for å betre tilkomsten til bustaden og større ombyggingar for å tilrettelegge bustaden
  • Tilpasse bad for dusjing rett på golv
  • Tilpasse kjøkken til heve- og senkemekanisme på skap
  • Fjerne tersklar
  • Betre belysning
  • Andre endringar som er nødvendig for å kunne bli buande i bustaden

Ved søknad blir det alltid vurdert om tilskott skal gis i staden for, eller saman, med startlån. I vurderinga blir det lagt vekt på din økonomiske situasjon og kor nødvendig tilpassinga er for at du skal kunne bli buande i bustaden.

Kven kan søke?

  • Menneske med funksjonsnedsettingar
  • Eldre som ønskjer å utføre forebyggande tilpassingstiltak

Slik søker du

Du trenger disse vedleggene:

  • Siste års skattemelding
  • Dokumentasjon på lønn/trygdeytingar dei siste tre månadane
  • Arbeidskontrakt dersom du er i arbeid.
  • Dokumentasjon på all annan inntekt enn lønn og trygd
  • Dokumentasjon på all gjeld
  • Dokumentasjon på oppsparte midlar eller formue
  • Leieavtale og eventuell oppsiing dersom du leiger bustad
  • Behovsbeskrivelse fra ergoterapeut 
  • Kostnadsoverslag på arbeidet som skal utføres 

Fyll ut og send inn søknadsskjema

Du søker elektronisk ved å bruke eSøknad på Husbankens nettside (krever pålogging med f.eks. BankId på mobil).

Hva skjer videre?

Søknaden blir behandla så snart som mogleg. Hvis saka ijkke kan avgjørast innen ein månad, får du skriftleg beskjed om det. 

Tilskott under 40 000 kroner utbetales av kommunen. Det blir ikkje teke pant i bustaden på desse tilskotta. Ved tilskott over 40 000 tar Intrum pant i bustaden på vegne av Vestnes kommune, dersom du eig bustaden sjølv. Lån blir nedbetalt etter ordinære vilkår, medan tilskott blir nedskreve med 10% per år. 

Dersom du har fått innvilget startlån og tilskott frå kommunen til tilpassing av bustaden, står Intrum for utbetaling, fakturering, purring, inkasso og svarar på generelle spørsmål om lånet.

Klage

Lover og forskrifter

Startlånsordningen reguleres av Husbankens forskrift om startlån

Nyttige lenker

Informasjon om startlånsordningen på Husbanken sine nettsider.

Kontaktinformasjon

Hilde Rekdal
Saksbehandlar
E-post
Telefon 900 61 816

Opningstider

Opningstid og telefontid: 
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart