Feiing

Kommunen skal sørge for at røykkanalar i fyringsanlegg, som blir brukt til oppvarming av byggverk, blir feia ved behov.

Behov for feiing av røykkanalar skal vurderast for kvart enkelt fyringsanlegg. Frekvens for feiing blir vurdert og fastsett ved tilsyn, samt gjennom fagleg vurdering av risikoforhold. 

Varsling om feiing og tilsyn

Tilsyn med eller feiing av fyringsanlegg blir varsla via SMS til eigar. Via SMS kan du bekrefte avtale om tilsyn/feiing eller ta kontakt for ny avtale. Dersom SMS ikkje blir besvart blir ikkje tenesta utført. NB! Nummeret kommunen sender frå kan verke ukjent, men det er helt trygt å svare på meldinga frå oss. Les meir om korleis Vestnes brannvesen sender ut SMS her.

Registrer din kontaktinformasjon her

Når du har registrert deg i kontakt- og reservasjonsregisteret, kan du få viktige brev og påminningar frå stat og kommune digitalt.

Har du reservert deg mot digital kommunikasjon? Kommunen kan sende deg viktige varsel og meldingar sjølv om du har reservert deg mot digital kommunikasjon. Du vil kunne få slike varsel på det mobilnummeret eller på den e-postadressa du har lagt inn i kontakt- og reservasjonsregisteret i lenka over. Det er derfor viktig at kontaktinformasjonen din er oppdatert. 

Min Eigedom

På denne sida finn du all informasjon om din bustad/eigedom når det gjeld feiing og tilsyn med fyringsanlegget. Her kan du svare på varsel om tiltak, finne historikk, ev. avvik på ditt bygg og merknadar. Du kan også gi tilbakemeldingar om retting av avvik/merknadar og finne tidligare dialog med feiar.

Feiing og tilsyn på Min eigedom

Dette skal du gjere før feiaren kjem 

  • Luker, ventilar og spjeld skal vere stengde, slik at det ikkje kjem sot og støv inn i bustaden
  • Eldstad skal vere sløkt, og pipa skal vere kald
  • Feieluka skal vere tilgjengeleg for kontroll og tømming av sot
  • Tilkomststige treng ikkje å stå oppreist, men skal vere lett tilgjengeleg der feiaren naturleg skal opp på taket

Sikre trygg tilkomst

Som eit utgangspunkt for trygg tilkomst skal følgande vere oppfølgt:

  • På tak der det er helling utover skal det normalt vere fastmontert takstige eller trinn.
  • Dersom det er to eller flere piper kan du montere ei takbru mellom pipene istedanfor to fastmonterte takstigar.  
  • Takstigar skal vere godkjent i samsvar med sentralt standardar. Det vil si NS-EN 516, NS-EN 517, NS-INSTA 650.
  • Dersom pipa er høgare enn 1,2 m over tak skal det i utgangspunktet monterast arbeidsplattform.

Eigedommar med manglande tilrettelegging for tilkomst på tak vil ikkje få utført feiing. 

Gjeldande regelverk

Forskrift om brannforebygging» § 17 
Veiledning til forskrift om brannforebygging § 17

Kontakt

Vidar Steen
Feiar
E-post
Telefon 90 08 99 80
Per Brakstad Bergmyr
Feiar
E-post
Telefon 91 67 30 50
Frank Skorgenes
Brannsjef/beredskapsansvarleg
E-post
Telefon 99 16 97 98

Kart