Feiing og tilsyn blir varsla via SMS

Du vil frå no av få ein SMS frå feiaren når han kjem for å feie eller gå tilsyn.

Vi vil gå over frå å varsle feiing og tilsyn med lappar i postkassa til å sende varsel om feiing og tilsyn med SMS. Dette gjeld både eigarar av bustadar og fritidsbustadar/hytter i kommunen.

Da feiing og tilsyn er risikovurdert og behovsprøvd, kan huseigarar oppleve at vi kan feie eller gjennomføre tilsyn i ditt nabolag, men at vi ikkje er innom deg.

Vestnes Brannvesen har no begynt å sende ut SMS med varsling om feiing og tilsyn. Vi opplever at mange reagerer på og vegrar seg for å svare på denne tekstmeldinga, da nummeret som vert oppgjeve i meldinga er både langt og ukjent. Telefonnummeret meldinga blir sendt frå er 22580187793367. Dette er ikkje noko svindelforsøk, men ei melding frå datasystemet vårt. Vi har dessverre ikkje moglegheit til å endre dette telefonnummeret.  Meldinga ser ut som på biletet

 

 

I meldinga får du to valmoglegheiter og kan svare med å taste 1 eller 2 som er følgjande alternativ:

1.      Tidspunktet passar. Vi har ein avtale!

2.      Tidspunktet passer ikkje. Eigar tek kontakt for ny avtale!

Når du har sendt inn svaret får du ei ny melding med helsing frå feiarane om at ditt svar er registrert. Så fort feiarane er ferdig med tilsynet får du ein SMS med bekrefting på dette, med ei lenke til «Min eigedom» som er tilgjengeleg på Vestnes kommune sine heimesider. Her får du opp relevant informasjon om din eigedom etter feiing eller tilsyn.