Tomrefjord barnehage

Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnadar der skogen strekk seg heilt inn på leikeplassen. Her får barna god boltreplass og variert terreng som byr til variert leik og aktivitet. Området ligg lunt til med gode solforhold og skugge ved behov.

Det er kort veg til idrettshall som vert hyppig nytta.  I tillegg har førskulegruppa tilbod om vasstilvenning i svømmehallen. Barnehagen har eit flott uteområde med leikeapparat som inviterar til fysiske utfordringar som passar alle barn. I «skogen» på  uteområdet har vi eigen gapahuk med fyringsmoglegheiter. Inne på barnehagen sitt område har me både viltveksande og planta frukt og bær. Det er elles kort veg til både skog og fjøre som gir oss fine turopplevingar, noko barnehagen ofte nyttar seg av.

Tomrefjord barnehage er oppteken av variasjon i innhald og aktivitet gjennom året og barna skal få vere med å medverke i eigen kvardag. Alle skal ikkje gjere alt, men alle gjer mykje. Barna skal få utfalde seg, oppleve meistring og glede seg over det å gå i barnehage.

Vi har eit nært og godt samarbeid med Tomrefjord skule i høve overgangen frå barnehagen til skule. Meir utfyllande informasjon finn du i vår Lokale plan for overgang mellom barnehagen og skule.

Barnehagen sine aktivitetar vert planlagt ut frå viktige styringsdokument som Rammeplanen for barnehagen, Lov om barnehagar og barnehagen sin eigen Årsplan. Aktivitet/ innhald kjem fram av eigne planar og dokumentasjon frå den aktuelle avdelinga.  

Visjon

«Kvart augneblink tel»

Alle møte mellom menneske i kvardagen tel. Det gjeld møter mellom barn, møte mellom barn og vaksne og møtet vaksne imellom. Alle dei møta er med på å skape oss som menneske

Organisering

Barnehagen har to avdelingar, Blåklokka for barn 1 - 3 år og Marihøna for barn 3 - 6 år.

Vi har totalt 48 plassar.

Dokument

Slik har vi det

Kontakt

Tomrefjord barnehage

Avdeling Marihøna (storbarn): 907 45 732
Ped. leiar: Mats Longva mats.longva@vestnes.kommune.no 
Avdeling Blåklokka (småbarn): 908 15 431
Ped. leiar: Susann Skavnes susann.skavnes@vestnes.kommune.no 

Natalie Vik Brunvoll
Styrar
E-post
Lise Grønningsæter
Einingsleiar
E-post
Telefon 90 72 09 11

Opningstider

Kvardagar: 06:45 - 16:30

Adresse

Besøksadresse

Liaråket 3
6393 Tomrefjord

Kart