Gardstunet barnehage

Gardstunet barnehage

Gardstunet barnehage er som namnet seier, ein gardsbarnehage. Barnehagen ligg i naturskjønne omgivnadar på Vik gard med skogen og fjøra tett på.

Gardsdrift er ein naturleg del av kvardagen vår og i barnehagen sitt uteområde har vi ein liten minifjøs med høner og kaninar samt eit drivhus og vår eigen grønsakhage som vi kallar «Drømmehagen». Vi har og mange frukt- og bærtre rundt om på uteområdet vårt.

Barna tek aktivt del i stell og mating av dyra. Dei lærer om og deltek i dyrking, og når det er tid for innhausting vert det laga mykje godt av det dei har dyrka fram. Du kan lese meir om dette i velkomsthefte vårt lengre ned på sida.

På låveloftet har vi ulike aktivitetar saman med barna, alt frå samlingsstund og formingsaktivitetar og i Desember vert låven forvandla til ein magisk jule låve.

Vi har eit flott uteområde med leikeapparat som invitera til fysiske utfordringar som passar alle barn. Vi har fine turmoglegheiter til skog og fjøre og nyttar oss ofte av det. I Vikfjøra har vi vår eigen naturleikeplass og ein gapahuk som vi nyttar oss mykje av. Vi har og to Lavvoar utanfor gjerde med vedfyring og omn som vi kan nytte til matlaging.

Vi er ein barnehage som har fokus på å vere mykje ute i alle årstider og i all slags vær.

Det er kort veg til idrettshallen som vert brukt fast kvar veke. I tillegg har førskulegruppa tilbod om vasstilvenning i symjehallen.

Barnehagen har ei snikkarbod som vert brukt av dei eldste barna i barnehagen og vi har i samarbeid med Vestnes folkebibliotek laga vårt eige barnehagebibliotek der barna kan låne med seg bøker heim.

Vi er ein «Livsgledebarnehage» som skal være med på å spreie glede for blant anna dei eldre på sjukeheimen Stella Maris.

Barnehagen har eit nært samarbeid til Tomrefjord skule i høve overgang frå barnehage til skule. Du kan sjå vår lokale plan for overgang barnehage-skule lengre ned på sida.

Barnehagen sine aktivitetar vert planlagt ut frå viktige styringsdokumenta som Rammeplanen for barnehagen, Barnehagelova og barnehagen sin eigen Årsplan. Pedagogisk leiar på kvar avdeling lagar eigne vekeplanar/periodeplanar og sender ut pedagogisk dokumentasjon både i form av «dagen i dag» i appen Min Barnehage og som ei «nyheitsavis» mot slutten av kvar månad.

Vår visjon

«EIN GOD STAD Å VÆRE – LEIKE OG LÆRE»

Organisering

Barnehagen har to avdelingar, Blåmann for barn 1-3 år og Litago for barn 3-6 år.

Barnehagen er godkjent for 42 plassar.

Dokument

Kontaktinformasjon

Gardstunet barnehage
Telefon 909 86 019

Avdeling Litago:
901 96 542
Epost Hege Lid

Avdeling Blåmann: 
902 31 522
Epost Marianne Skjegstad

Lise Grønningsæter
Einingsleiar
E-post
Telefon 907 20 911
Anita Sæheim Kjelsvik
Assisterande styrar
E-post
Telefon 991 54 295

Opningstider

Kvardagar: 06:45 - 16:30

Adresse

Besøksadresse

Nedre Vikvegen 19
6393 Tomrefjord

Kart