Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Offentleg ettersyn - Detaljreguleringsplan for Vågstranda skytebane

Offentleg ettersyn - Detaljreguleringsplan for Vågstranda skytebane

Kommunedirektøren i Vestnes har, i medhald av PBL § 12-10/11 og delegert fullmakt, godkjent at forslag til detaljreguleringsplan for Vågstranda skytebane skal leggast ut til offentleg ettersyn. Formålet med planen er å fastsette arealbruken med tilhøyrande bestemmelsar, samt etablere grunnlag for ekspropriasjon av grunnen.

Detaljreguleringsplan Vågstranda skytebaneInteresserte kan gjere seg kjent med dokumenta i saka ved å kontakte servicekontoret på rådhuset, eller sjå under her.

Ev. merknader skal sendast:
Vestnes kommune,
Brugata 10,
6390 Vestnes

eller til postmottak@vestnes.kommune.no seinast innan 31.08.2022.

 

 

 

Dokument i saka: 

Høyringsbrev - Vågstranda skytebane - Forslag til detaljreguleringsplan – Vedtak om offentleg ettersyn (Høyring) (PDF, 213 kB)
Annonse - Vågstranda skytebane (PDF, 316 kB)
Planforslag Vågstranda skytebane PlanID 21_00303 (PDF, 198 kB)
220620 Vågstranda skytebane Planforslag (PDF, 13 MB)
V2 Regplankart Vågstranda (PDF, 400 kB)
V1 Reguleringsbestemmelser (PDF, 173 kB)
V5a Varslingsliste (PDF, 57 kB)
V5c Merknader (PDF, 995 kB)
V4 ROS-analyse Vågstranda (PDF, 3 MB)
V3 220612 N Støy Vågstranda skytebane (PDF, 3 MB)
V5b Annonse (PDF, 237 kB)