Rådhuset stengt inntil vidare

På grunn av ein trusselsituasjon mot tilsette i NAV og Vestnes kommune er dørene på rådhuset stengt inntil vidare. Treng du kontakt med saksbehandlar, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10 - 14).

Melding om igangsetting av reguleringsarbeid

Melding om igangsetting av reguleringsarbeid

Gjermundnes Naturmurstein AS gir med dette i samsvar med plan- og bygningslovens § 12-8, melding om at detaljregulering for Gjermundnes Masseuttak - Utviding. Plan Id 0121 1535 er satt i gang:
 

Området ligg sør for E136 ved Gjermundnes vgs.

kart Gjermundnes - Klikk for stort bilete  Utviding  av reguleringsplanen skal gje plass for eit deponi for reine masar frå bruddrifta, tilkomst til sjø og permanent sikring av bruddområdet, samt legge til rette for annan industriell veksemd knytta til uttaket.


Planlagt utviding ligg på gnr/bnr. 35/1 og 35/7, og omfattar 47.6 daa. Utvidinga er vist med tynn stipla linje i ovanstående figur.


Utvidinga er i gjeldande kommuneplan avsett til LNF.


Her finn du planinitiativ og referat frå oppstartsmøte. (PDF, 264 kB)

Berørte offentlege myndigheiter og organisasjonar og grunneigarar, vil få eigen melding.


Merknader kan sendast til:
erik@cons.no, eller til Consilium AS, Eindrides veg 34, 7227 Gimse innan 25.5.2022


Merknader kan forutan til Consilium AS, sendast til Vestnes kommune, Brugata 10, 6390 Vestnes, eller helst pr. e-post til postmottak@vestnes.kommune.no