Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Melding om godkjent detaljreguleringsplan for bustadfeltet Vik - Selnes

Melding om godkjent detaljreguleringsplan for bustadfeltet Vik - Selnes

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 godkjende Vestnes kommunestyre den 06.10.2022, følgjande detaljreguleringsplan: Sak PS-71/22 - Endring av detaljreguleringsplan for bustadfeltet Vik - Selnes

Vik-Selnes 19.09.2022


Interesserte kan gjere seg kjent med dokumenta i saka ved å kontakte servicekontoret på rådhuset, sjå under her.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast innan 3 veker etter denne kunngjeringa. Ev. klage skal vere grunngjeven, og sendast til Vestnes kommune, Brugata 10, 6390 Vestnes eller epost postmottak@vestnes.kommune.no.
 

Dokument i saka

Vedtak - Kommunestyret, 06102022, Sak PS-71/22, Reguleringsendring bustadfelt Vik - Selnes (PDF, 133 kB)  
Saksframlegg - Reguleringsendring bustadfelt Vik - Selnes (PDF, 228 kB)
Plankart 19.09.2022 (PDF, 2 MB)
Reguleringsføresegner 19.09.2022 (PDF, 471 kB)
Planomtale 05.07.2022 (PDF, 2 MB)
Privat reguleringsendring for delar av bustadområdet Vik-Selnes - Fråsegn frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (PDF, 67 kB)
Vestnes kommune - detaljregulering - privat reguleringsplan for Vik-Selnes - fråsegn til offentleg ettersyn frå Møre og Romsdal fylkeskommune (PDF, 135 kB)
NVE si generelle tilbakemelding - Offentleg ettersyn - Privat reguleringsendring for delar av bustadområdet Vik-Selnes (PDF, 68 kB)
Prosess (PDF, 434 kB)
ROS-analyse (PDF, 2 MB)
Vedr. kryss Vikvegen Fv661 - 05.07.2022 (PDF, 547 kB)
Plankart 09.05.2022 (PDF, 2 MB)
Reguleringsføresegner 05.07.2022 (PDF, 468 kB)
annonse Vik Selnes o e (PDF, 286 kB)