Høyring vegnamn i samband med nytt byggefelt - Fiksdal

Vestnes kommune skal vedta to nye vegadressenamn i samband med etablering av nytt byggefelt i Fiksdal.

Kommunen har framlegg til nye vegnamn. På 80-talet var mange stadnamn registrert i kart frå den store innsamlinga i Møre og Romsdal. Desse ligg til grunn for namneframlegga, og er å finne her: https://www.fylkesatlas.no/stadnamn_alle

Namneforslag veg 1 (merka med raudt):
Nakkesjøvegen

Namneforslag veg 2 (merka med blått):
Notavollvegen

Kommunen ønsker innspel i saka, til dømes alternative namneforslag.

Frist for høyringsinnspel er sett til 20. oktober 2022 og sendast postmottak@vestnes.kommune.no eller til Vestnes kommune, Brugata 10, 6390 Vestnes. Merk innspelet med «Innspel nye vegnamn - Fiksdal».