Eigedomsskattelistene 2025 for Vestnes kommune - offentleg ettersyn

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskrivning av eigedomsskatt for 2025, og med heimel i eigedomsskattelova § 15, blir eigedomsskattelistene lagt ut til offentleg ettersyn i fire veker frå 17. februar.

I samsvar med kommunestyret sitt vedtak av 12.12.2024 er gjeldande skattesatsar for eigedomsskatt for 2025 følgjande:

  • 6,7 0/00 for næringseigedomar 
  • 4 0/00 for bustader, fritidsbustader m.v.
     

Eventuelle spørsmål om utskriving av eigedomsskatten kan rettast til Vestnes kommune, tlf. 71 18 40 00.

Eigedomsskattelister

Eigedomsskatteliste 2025 - offentleg ettersyn (PDF, 16 MB)

Skattesetlar

Skattesetlane er sendt via digital post. Dei som ikkje har tatt i bruk si digitale postkasse, får skattesetelen via Altinn. Om ikkje skattesetelen er lest i Altinn innan 2 dagar kjem dei som vanleg post. Eigarrepresentanten må syte for å orientere sine medeigarar om utskriven skatt, dersom ønskjeleg.

Faktura

Faktura for eigedomsskatt blir send ut på same faktura som øvrige kommunale eigedomsavgifter, delt på fire terminar i året med forfall 25. mars, 25. juni, 25. oktober og 25. desember.
Fleksibel fakturering er innført og du kan søke om månadleg faktura.

Klage

Eventuell klage over utskreve eigedomsskatt kan fremmast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatten. Klagen må vere skriftleg.

Klage på kommunal takst skal sendast til Vestnes kommune, Eigedomsskattekontoret, 6390 Vestnes innan 6 veker, og seinast innan 11. april 2025.

Kommunestyret har bestemt at Skatteetaten sitt formuesgrunnlag skal nyttast som takst på bustadar. Finn du feil i taksten eller meiner at taksten er høgare enn bustaden sin marknadsverdi, må du kontakte Skatteetaten.