Tomrefjord skule

Tomrefjord skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule i Vestnes kommune med 196 elevar.

Skulen ligg fint til mellom fjord og fjell, og disponerer område med gapahuk ved sjøen. Naturen blir brukt aktivt i undervisninga. Rett ved skulen ligg også nyrenovert idrettshall med tilhøyrande svømmebasseng.

Skulen har elevar frå Tomrefjord og Øverås på barnesteget. På ungdomssteget kjem elevane i tillegg frå Fiksdal og Rekdal.

Visjon/overordna mål

"Alle skal trivast og lære mykje på Tomrefjord skule"

SFO

Vi har SFO (skulefritidsordning) før og etter skuletid for 1.-5.klasse.

Slik har vi det