Samtykke til behandling av personopplysninger
Ved å nytte deg av booking-løysninga (bestille tid med ein saksbehandler) samtykker du til at henvendinga havner hos rette vedkomande.
Kvifor treng vi dine personopplysningar?
Opplysningane du blir bedt om å oppgi når du bestiller tid med ein saksbehandlar gjer det mogleg for oss å saksbehandle din førespurnad, Vi ønskjer å vere førebudde til møte med deg og derfor ber vi deg oppgje kva saka gjeld. Har du ei pågåande sak hos oss, treng vi saksnummeret for å kunne finne fram i saka.
Opplysningane du oppgir vil ikkje bli brukt til andre formål enn det dei er henta inn for, med mindre vi har lovleg grunnlag for å bruke dei til andre formål.
Kor blir opplysningane henta frå?
Personopplysningane blir innhenta frå deg.
Bruk av opplysningar
Opplysningane bli berre tilgjengeleg for personell hos oss som har behov for å sjå desse, som arkivpersonell, saksbehandlarar og teknisk personell. Personopplysningane blir behandla konfidensielt.
Lagring av opplysningar
Opplysningane du oppgir når du bookar tid med ein saksbehandlar skal ikkje lagrast i våre arkiv lengre enn det som er nødvendig ut frå formålet dei er blitt brukt til. Når opplysningane ikkje lenger er nødvendige vil dei bli sletta.
Utlevering av opplysninger til tredjepart
Dersom det foreligg lovbestemt opplysningsplikt overfor andre, vil aktuelle registrerte personopplysningar bli overlevert i samsvar med krav frå myndigheitene. Relevante personopplysningar kan utleverast til tredjeparter som Vestnes kommune samarbeider med, for at vi skal kunne utføre dei oppgåver og tenester vi er pålagde å utføre.
I Vestnes kommune si personvernerklæring kan du lese om di sikkerheit, dine rettigheiter og korleis du kan henvende deg for å be om innsyn.