Kommunestyret har i sak PS.63/22 vedteke at det skal gjennomførast ny alminneleg taksering vedk. eigedomsskatt, med nye takstar gjeldande frå 01.01.2024.
Kontroll av faktaopplysningar
Eigedomsregisteret er no oppdatert etter synfaringane som har vore gjort i løpet av året. Opplysningar du bør kontrollere er bl.a.:
- Kva bygningar som er registrert på eigedommen din
- Areal på bygningane (BRA - innvendig yttervegg) Gjeld ikkje landbruksbygningar.
- Byggeår/tatt i bruk
- Bygningtype
Vestnes kommunestyre har bestemt at Skatteetaten sitt formuesgrunnlag skal nyttast som takst for bustadar. Det blir derfor ikkje sendt ut faktaopplysningar for bustadar som har formuesgrunnlag frå Skatteetaten.
Faktaopplysningar om eigedommen
Faktaopplysningane om eigedommen du no har fått viser kva vi har registrert om eigedommen din. Ein viktig del av grunnlaget for taksten er basert på areal, der ulike bygningstypar og etasjar vert gjeve ulike verdiar. Alder på bygning/når bygning er teke i bruk er også ein viktig faktor for taksten. Det vert også gjort ei skjønnsmessig vurdering der eigedomsskatten kan bli justert opp eller ned.
Vi ber deg difor om at du sjekkar opplysningane om eigedommen din og melder tilbake dersom noko manglar eller ikkje stemmer.
Forklaring
Bygningsnummer: eit unikt nummer som identifiserer kvar enkelt bygning på eigedommen.
Anna areal: Vert brukt på frittståande garasjer, naust, uthus etc.
Areal alt1: Er nytta på registrerte boder, garasjer, vinterhager som er integrert i bustaden (Arealet er integrert i bustadarealet.
Areal alt2: Er nytta til carportar og opne boder. (Arealet er ikkje inkludert i bustadarealet.)
Faktainformasjon
Lenker og dokument
Eigedomsskattelova - lovdata.no
Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova- lovdata.no)
Definisjonar av etasjar i bygningar (PDF, 52 kB)