Skatteetatens bustadverdi/formuesgrunnlag
Vestnes kommunestyre har vedteke å bruke Statteetatens bustadverdi/formuesgrunnlag for bustadar. Dette medfører at vi får takstane frå Skatteetaten og skal dermed ikkje taksere alle bustadeigedomane, men nytte grunnlaget vi mottek frå Skatteetaten. I enkelte tilfelle mottek ikkje kommunen bustadverdi på enkelteigedommar, og må dermed taksere desse bustadeigedomane etter kommunal taksering.
Kommunal taksering
Eigedomsskattetaksten bygger på faktaopplysningar og skjønnsmessige vurderingar. Faktaopplysningar om eigar, adresse, areal på bygningar og tomter blir henta frå offentlege register. (Hovudkilde: Matrikkelen). I dei skjønnsmessige vurderingane blir både generelle og spesielle forhold ved eigedommen lagt til grunn.
Eigedom som blir driven som gardsbruk eller skogbruk har obligatorisk fritak for eigedomsskatt, då med unntak av bustadbygg, garasje, fritidsbygg, naust og næringsbygg for anna føremål.
Næringseigedommar blir behandla spesielt.
Synfaring
Som ein del av grunnlagsarbeidet vil vi for kvar enkelt eigedom foreta ei utvendig synfaring. Vi vurderer forhold på og rundt eigedommen som kan virke inn på taksten. Vi er ikkje avhengig av at du er til stades under synfaringa.
Dersom det er konkrete forhold du ønskjer skal vurderast i samband med synfaringa, kan du sende oss skriftleg informasjon om dette. Denne informasjonen blir då ein del av grunnlaget for takseringa. Dersom du likevel ønskjer å vere til stades under synfaringa, må du sende oss ei skriftlig melding om dette. Husk å gje opp telefonnummer. Vi vil kontakte deg for nærare avtale.
I haust startar vi arbeidet med synfaring av alle eigedommar som skal ha utskriven eigedomsskatt og dette arbeidet vil pågå ut året. I dei tilfelle vi manglar areal på bygningane vil det under synfaringa bli utført ei utvendig oppmåling og det vil bli teke bilete av bygningane.
Faktaopplysningar om eigedommen
Vi vil sende deg dei faktaopplysningar vi har registrert om eigedommen din. Det er viktig at du kontrollerer desse opplysningane og gir oss tilbakemelding om noko er feil registrert eller manglar. Ein viktig del av grunnlaget for taksten er basert på arel på bygningar. Byggjeår er og ein faktor som er med på å danne taksten. Det vert også gjort ei skjønnsmessig vurdering der eigedomsskatten kan bli justert opp eller ned.
Slik kontrollerer du faktaopplysningane (PDF, 351 kB)
Retningslinjer for taksering
Som eit hjelpemiddel i synfaringa og den påfølgjande takseringa, nyttar vi reglar som er fastsett i dokumentet
"Rammer og retningslinjer for taksering i medhald av lov om eigedomsskatt” (PDF, 899 kB)
Areal på bygningar tek utgangspunkt i bruksarealet (BRA) som grovt sett er arealet
innanfor ytterveggane på bygninga. Arealet blir målt for kvar
etasje i bygninga.
Etasjane blir gruppert i kjellaretasje, underetasje, hovudetasje og loftetasje.
Denne grupperinga er den same som matrikkelen brukar. Ulike bygningstypar og etasjar vert gjeve ulike satsar.
Kva skal takserast?
- Bygd og ubygd tomt
- Bustad utan formuesgrunnlag
- Våningshus på gard
- Garasje
- Naust
- Hytte/ fritidsbustad
- Næringsbygg
- Andre bygningar
Taksten skal gjenspeile ein objektiv omsetningsverdi/marknadsverdi jfr.i Eigedomsskattelova § 8 A-2:
Det er kommunestyret som fastset skattegrunnlag og skattesats. Kommunen kan etter lova frita spesielle eigedommar for eigedomsskatt og innføre botnfrådrag for bueiningar.
Kommunestyret fastset kvart år i samband med budsjettet kva satsar og reglar som skal nyttast ved utskriving for det komande året. For skatteåret 2020 er det vedteke ei promille på 4,00. Det er ikkje innført botnfrådrag.
Sone
Sakkunnig nemnd har vedteke sone for Vågstranda/Hjelvika.
Lenker og dokument
Rammer og retningslinjer for taksering etter lov om eigedomsskatt (PDF, 264 kB)
Eigedomsskattevedtekter (PDF, 163 kB)
Sonekart (PDF, 332 kB)
Definisjonar av etasjar i bygningar (PDF, 52 kB)
Eigedomsskattelova
Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova)
Sakkunnig nemnd
Sakkunnig ankenemnd