Faktura og betaling

Logg inn på Min side for å:      

  • sjå kor mykje du skal betale  
  • sjå fakturaen din 
  • be om betalingsutsetting   

 

                                             Logg inn

Eigedomsskatt og kommunale gebyr for slam, avløp, renovasjon og feiing kjem på same faktura.

Korleis får eg fakturaen

Du bestemmer sjølv på kva måte du vil motta fakturaen, men vi sender den helst digitalt. Les meir om kva løysingar du kan velge for mottak av faktura.
Uansett korleis du mottek fakturaen vil du alltid finne den på Min side (krev innlogging).

Faktura når fleire eigarar eller ved sal av eigedom

Er dere fleire eigarar av ein eigedom, vil fakturaen bli sendt til ein av eigarane. Ønskjer dere å dele på å betale rekninga må dere ordne dette dere imellom. 

Ved sal av eigedom blir ikkje ny eigar registrert i Matrikkelen med ein gong. Vi sender faktura til den som står som tinglyst eigar når det vi fakturerer. Stemmer ikkje dette med salstidspunktet eller avtalen du har med kjøpar eller selgar, må dere ordne dette dere imellom.

Skatt under 300 kroner

Det blir ikkje utskreve eigedomsskatt for ein eigedom dersom skatten er under 300 kroner, jfr § 14 i Eigedomsskattelova.

Har du betalingsproblem?

Du kan enkelt forlenge betalingsfristen med to veker. Det ordnar du sjølv!
Logg inn på MinSide for å be om betalingsutsetting. 

Treng du meir enn to veker betalingsutsetting, må du søke til kommunen. Du kan søke maks seks gonger i året, og fakturabeløpet må vere mindre enn 10 000 kroner. For å få betalingsutsetting kan du ikkje vere skyldig oss meir enn 20 000 kroner til saman. 

Månadleg faktura

Ønskjer du å motta månadleg faktura

Nedsetting eller fritak av eigedomsskatten

Har du langvarige, alvorlege betalingsproblem kan du søke om nedsetting av eigedomsskatten.
Les meir om korleis du søker, og vilkår for nedsetting av eigedomsskatt.