Dersom vi ikkje får treff i nokon digitale kanalar, vil fakturaen bli levert i postkassa på same måte som tidlegare, og den einaste forskjellen du vil merke, er at utsjånaden på fakturaen er noko endra. Den nye blanketten har ikkje girodel i botnen, så om du ønskjer å nytte brevgiro må du fylle ut ein tom giroblankett. Tomme giroblankettar får du i banken, eller på rådhuset/servicekontoret i kommunen. På rådhuset/servicekontoret kan du også få hjelp til utfylling av giro dersom dette er ønskjeleg.