Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Nedsetting og ettergjeving av eigedomsskatt

Du kan søke om nedsatt eigedomsskatt eller fritak frå heile innkrevinga dersom spesielle grunnar gjer at det vil vere svært urimelieg at kommunen krev inn skatten.

Vilkåra er strenge, og det er i utgangspunktet ingen som har rettskrav på nedsetting eller ettergjeving. Det blir føreteke ei individuell og konkret vurdering av behovet. Ordninga skal kun vere ein sikkerhetsventil som kommunen kan nytte til å avhjelpe i helt spesielle situasjonar.

Dette blir normalt teke med i vurderinga: 

  • inntekt
  • bankinnskot
  • aksjer/fond
  • andre eigedommar
  • anna formue
  • gjeld
  • andre eigarar
  • andre bebuarar
  • eigedommen sin verdi

Slik søker du

Du treng desse vedlegga:

Du må legge ved kopi av siste tilgjengelege likning. Eigarar av burettslagsleilegheiter må legge ved dokumentasjon på sin andel av burettslaget sin innbetalte eigedomsskatt. Du kan også legge ved anna dokumentasjon som du meiner er relevant for søknaden.

Fyll ut søknadsskjemaet

I feltet "Søkar sin økonomi" skal du fylle inn gjeldande tall på søknadstidspunktet.

Søk om nedsetting og ettergjeving av eigedomsskatt

Lovheimel

Heimel for fritak ligg i Egedomsskattelova