Kommunen sitt ansvar i ein krisesituasjon er å delta i arbeidet med skadeavgrensande tiltak for å sikre menneske, miljø og økonomiske verdiar. Det kan og vere situasjonar der kommunen sjølv er ansvarleg for å handtere hendingar. Dette kan vere i samband med smitteutbrot osv. Andre oppgåver som kommunen kan få ansvar for å handtere i ein krisesituasjon kan vere:
- Ta hand om skadde personar
- Omsorg for personar som har vore utsette for store påkjenningar
- Assistanse ved evakuering av personar frå eit utsett område
- Innkvartering av personar eller redningsmannskap
- Informere om situasjonen i kommunen og gje rådgjeving i samråd med politi
- Forpleiing eller anna forsyningsstøtte
Vestnes kommune har ein beredskapsplan som gjeld for heile kommunen sin organisasjon. I tillegg har kommunen delplanar til beredskapsplanen for ulike fagområder.
Etablering av kriseleiinga
Det er administrasjonssjefen og ordførar som på oppfordring eller eige initiativ som kan kalle inn og etablere kriseleiinga sin stab, og avgjer kven som skal kallast inn. Administrasjonssjefen nås på tlf 909 84 000 og ordføraren på tlf 911 84 000. I sentralbordets opningstid kan du og ringe 71 18 40 00.