Torinius er 17 år og har drive med karate i seks år. Han jobbar hardt og målbevisst og har allereie nådd toppnivå i Norge og Skandinavia.
Nasjonalt har han oppnådd 4 NM gull. I tillegg har han 7 gull, 2 sølv og 4 bronser frå ulike regionstemne.
Av internasjonale utmerkingar har han ein bronse frå Swedish open, 2 bronser frå Copenhagen open, og sølv og bronse frå Scandinavian masters.
Torinius vart rangert som nummer 292 i verda etter at han deltok på Youth Leauge i Venezia i 2025. Dette er verdsligaen for dei under 18 år. Sommaren 2026 skal han delta på Youth League i Porec i Kroatia.
Eit av måla han har sett seg innanfor sporten, er å samle så mykje erfaring som mogleg som han kan bruke seinare for å trene dei som kjem etter seg.
Han tenker ikkje på medaljar når han konkurrerer, men er fokusert på oppgåvene trenaren gir han – om han greier å utføre desse oppgåvene i kamp, har han erfart at medaljane følger etter.
Ungdomsstipendet vil han bruke til å kjøpe nytt og oppdatert beskyttelsesutstyr.
Vi gratulerer Torinius med stipendet og ønsker han lykke til vidare!