Vi tek i bruk digitalt ledsagerbevisVestnes kommune har no teke i bruk digitalt ledsagerbevisDen nye løysinga gjer at du kan bruke ledsagerbeviset direkte på mobilen eller i nettlesaren.Ledsagerbevis er ei ordning for personar med funksjonsnedsetjing som har behov for følgje for å kunne delta på aktivitetar og arrangement. Beviset gir rett til å ha med ein ledsagar utan ekstra kostnad eller til redusert pris der ordninga blir akseptert.Digitaliseringa gjer ordninga meir fleksibel og brukervennleg. Ledsagerbeviset er alltid tilgjengeleg når du treng det, og brukarane slepp å tenkje på om kortet blir gløymt att eller mista. Samstundes får kommunen ei enklare og meir effektiv handsaming av ordninga. For dei som har behov for det, vil det framleis vere mogleg å få fysisk ledsagerbevis.Du kan lese meir om ledsagerbevis på denne sida. Sist endra 17.11.2026 11:30