Ledsagerbevis (følgjekort)

Dersom du har behov for følgje eller assistanse for å gå på kultur- og fritidsarrangement, kan du søke om ledsagerbevis.

Kva er eit ledsagerbevis?

Eit ledsagerbevis gjer det mogeleg å ta med seg eit følgje utan ekstra kostnader på kultur- og fritidsarrangement og på transportmiddel der ordninga blir akseptert.Det er den funksjonshemma som er eigar av beviset og som sjølv velgjer ledsagaren sin.

Kven kan få ledsagerbevis?

Ledsagerbevis er tilsikta på personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne med behov for assistanse for å kunne delta på arrangement.

Ledsagerbevis vil blant anna vere aktuelt for personar med:

  • Rørslehemming
  • Høyrslehemming 
  • Synshemming
  • Utviklingshemming
  • Allergiar
  • Andre typar funksjonshemmingar, som psykiske lidingar og hjarte-lunge-sjukdomar og anna

Funksjonshemminga eller sykdommen må normalt ha ein varigheit på minst 2-3 år. 

Kva kostar det?

Ledsagerbevis er gratis. Du kjøper sjølv ordinær billett, og kan ta med deg ledsager gratis på stader som godtar ledsagerbevis.

Slik søker du

  • Søk om ledsagerbevis (papirskjema).
  • Send inn eit digitalt bilde med kvit bakgrunn - send bilde som vedlegg på epost/SMS til Asbjørg Folland, eller vi kan ta eit bilde på servicekontoret. 
  • Utfylt søknad og nødvendige vedlegg leverast eller sendast Vestnes kommune, Rådhuset, Brugata 10, 6390 Vestnes. 

Søknaden vert behandla fortløpande. 

I samband med saksbehandling kan det bli bede om erklæring frå lege eller anna helsepersonell.

Utgått ledsagerbevis

Dersom eit ledsagerbevis er utgått må du søke om nytt. Det er ikke mogleg å søke om forlenging av utgått bevis.

Kor kan eg bruke ledsagerbeviset?

Det er den einskilde arrangøren eller verksemda som avgjer om dei aksepterer ledsagerbevis og kva rabatt ledsagerbevis gir. 

Slik klager du  

Regelverk  

Veiledende nasjonale retningslinjer for ledsagerbevis for funksjonshemmede

Kontakt

Asbjørg Oddny Folland
Saksbehandlar
E-post
Telefon 90 91 38 03

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart