Vi inviterer deg til innbyggardialog!Heile Kommune- Noreg, også Vestnes kommune, må møte utfordringane med endringar i folketalsutviklinga løysingsorientert, og ønskjer betre dialog med innbyggarane om vegen vidare. Onsdag 5. november kl. 17.00–19.00 inviterer vi til innbyggardialog på Vestnes bibliotek. Vi ønskjer å byggje ei felles forståing for situasjonen kommunen er i, og at innbyggarane skal bli høyrt. Ordførar og kommunedirektør vil informere om kvifor vi må omstille og kva handlingsrom vi har. Etterpå blir det opna for dialog og tilbakemelding. Omstilling gjeld alle, derfor er du velkommen uansett alder. Dette blir ein av fleire innbyggardialogar framover. Målet er å skape ein open samtale mellom kommunen og deg som bur her. Gjennom slike møte kan vi informere om viktige prosessar og få innspel frå innbyggarane. Vi ønskjer å vere tilgjengeleg og lyttande, og innbyggardialogane blir eit verktøy for å styrke kontakten mellom deg og oss. Tid og stadOnsdag 5. november kl. 17.00–19.00Vestnes bibliotek Sist endra 23.10.2025 07.31