Vi har hatt vår første innbyggardialog! Vestnes kommune har gjennomført sin første innbyggardialog for i større grad å involvere innbyggarane, og få innspel til kva som er viktig å prioritere. Innbyggardialogen fann stad på Vestnes bibliotek onsdag 5. november. Ordførar og kommunedirektør informerte om situasjonen kommunen står i, endringar i folketalsutviklinga og behovet for omstilling.Etter orienteringa deltok innbyggarane i gruppearbeid ved ulike bord der dei kom med innspel til kva som er viktig å prioritere for å bevare gode tenester og utvikle lokalsamfunnet. – Vi står framfor store endringar, og det er heilt avgjerande at vi har med oss innbyggarane på laget. Vi ønskjer å vere opne om utfordringane og samtidig vise at vi har moglegheiter dersom vi samarbeider, seier ordførar Randi Bergundhaugen om innbyggardialogen. Denne innbyggardialogen blir den første av fleire framover. Målet er å skape ein god møteplass mellom kommunen og deg som bur her. Gjennom slike dialogar kan vi informere om viktige prosessar og få innspel. Neste innbyggardialog blir i desember, og meir informasjon kjem etter kvart.– Innspela vi får her tek vi med oss vidare. Dei gir oss verdifulle perspektiv og hjelper oss å prioritere i omstillinga. Det er positivt å sjå engasjementet og viljen til å bidra, seier kommunedirektør Audhild Mork om innbyggardialogen.Vi takkar alle som deltok og ser fram til neste innbyggardialog. Sist endra 06.11.2025 15.49