Vestnes kommune løftar fram mangfald og fellesskap gjennom film

Denne veka (4.–6. november) har Vestnes kommune hatt besøk av produksjonsselskapet Oclin, som filmar tre kortfilmar som ein del av kommunens mangfaldsprosjekt.

Prosjektet har som mål å styrkje mangfald, inkludering og gode haldningar i lokalsamfunnet.

Filmprosjektet består av tre kortfilmar som skal inspirere til refleksjon rundt korleis vi møter kvarandre i kvardagen. To av filmane er retta mot barn og ungdom og skal brukast i undervisning. Oclin, saman med Institutt for pedagogikk ved Høgskulen i Volda og Vestnes kommune, skal utvikle tilhøyrande refleksjonsoppgåver til bruk i klasserommet. Den tredje filmen rettar seg mot alle innbyggjarar i kommunen.

– Vi ønskjer å vise fram det gode som allereie finst i Vestnes-samfunnet, og korleis vi alle kan bidra til at alle kjenner seg sett og inkludert, seier Mari Nalbant Karadash, prosjektleiar for mangfaldsprosjektet i Vestnes kommune.

Mangfaldsprosjektet har fått støtte og midlar frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Filmproduksjonen blir leia av Oclin, som har lang erfaring med formidlingsprosjekt innan samfunn, kultur og utdanning. Opptaka blir gjorde på ulike stader i Vestnes kommune, med lokale personar både framfor og bak kamera.

– Det er inspirerande å samarbeide med ein kommune som brukar film som verktøy for refleksjon og positiv endring. Vestnes viser at lokalt engasjement kan skape store ringverknader, seier Kristina Juul Jørgensen, prosjektleiar i Oclin.

 

For meir informasjon:
Mari N. Karadash, prosjektleiar for prosjekt Mangfald i Vestnes kommune
E-post: mari.karadash@vestnes.kommune.no - Tlf: 99707711

Kristina Juul Jørgensen, prosjektleiar i Oclin AS
E-post: kjj@oclin.no - Tlf: 48225201