Vestnes kommune har sparka i gong årsturnusprosjektet!

Det skal bli årsturnus i alle døgnavdelingar. Mål for oppstart er 1. desember 2026.

Dette vert det største omstillingsprosjektet i helse og omsorg i 2026. Vi gjer dette for å få meir forutsigbare tenester til våre brukarar, da vi ved årsturnus planlegg for eit år fram i tid, i staden for 3 månader. Vi gjer dette også for at våre tilsette skal få meir forutsigbar arbeidstid og betre arbeidsmiljø.

Årsturnusgruppa, frå venstre: Kristin Ulset (vikar for hovudtillitsvald i NSF når bilete blei tatt – Solbjørg Rekdal er hovudtillitsvald), Kari Solevågseide (hovudtillitsvald i Fagforbundet), Birgitte Gjelsten (hovudtillitsvald i FO), Kine Sørvik (hovudtillitsvald i Delta), Hilde Rekdal (økonomirådgjevar), Audhild Mork (kommunedirektør), Monica Beinset (kommunalsjef helse og omsorg), Mats Longva (hovudvernombod), Nils Reimer Eidhammer (kommunalsjef økonomi og verksemdstyring) og Mette Holand (kommunalsjef personal). Desse er òg med i gruppa, men ikkje på biletet: Linda Gravem (einingsleiar aktivisering og meistring), Camilla Stavik (einingsleiar Stella Maris), Elisabeth Sylte (einingsleiar heimetenesta) og Nina Naastad (einingsleiar Hellandtunet).

Når forklaringa på det store meirforbruket i kommunalområdet er vikarbruk og innleigebyrå, er årsturnus ein del av løysinga.

1. desember 2025 er det KICKOFF for alle leiarane i helse og omsorg, hovudtillitsvalde og hovudverneombod. Vi får besøk av Sunndal kommune, som har hatt årsturnus i mange år og Framlent, som skal bistå oss. Vi har òg fått midlar frå Statsforvaltaren til omstillingsprosjektet.